Til seneste kommentar
Dette innlegget er gammelt og kan inneholde feil informasjon.

Eg får ikkje logga meg på det trådlause nettet / Wifi heime

Om du har problem med å logge deg på heimenettet ditt kan du gjere følgjande feilsøk:
  • Sjekk at trådlaust nett er aktivert på eininga du forsøker å kople til nettverket.
  • Sjekk at du prøver å kople deg på rett nettverksnamn (også kalla SSID), og at du skil mellom små og store bokstavar i passordet ditt. 
  • Er du usikker på passordet finn du dette under / på baksida av routeren du har fått frå oss, med mindre du har endra dette sjølve i ettertid. 
Om ikkje passordet som står bakpå routeren fungerar, ta gjerne kontakt med vårt kundesenter for meir hjelp.
Sognenett Sognenett
Vis beste svar

Kommentarer

  • Hei, vi har kjøpt ein bustad og overtatt abonnement på Sognenett. Trenger vi ny ruter? Passordet som forrige eier brukte virker ikke..
    Espen
  • Hei Espen!

    Dette kan løysast ved å ta ein resett på ruteren.
    Passord og namn på nettverk vert då tilbakestilt til fabrikkstandard.


    Madeleine Kundetenesteansvarleg
  • Hei Espen.

    Ein kan ta reset på modemet som Madeleine nemner ved å halde inne reset knapp på baksida av modemet i 10 sekund.

    Anna løysing er å kople seg til modemet med pc & kabel og gå inn på webgrensesnittet til modemet.

    Skriv inn den lokale IP adressa til modemet ditt som er 192.168.80.1 i nettlesaren din.
    Logg inn med:
    Brukarnamn: admin
    Passord: admin

    Trykk på fana "Wireless" og velg eit nettverk i ned trekks menyen opp til venstre.
    Der kan du velje mellom Tilgin (2,4 GHz) og Tilgin (5 GHz).
    Når du har valgt eit nettverk trykker du på "Gå til".

    Da får du nokon val på venstre side, trykk på "sikkerhet/security".
    Da kan du endre det som står under "Passfrase" til eit passord du ynskjer. Når du har skreve det passorde du ynskjer trykker du på "Bruk" nede til venstre, da skal du ha satt nytt passord.

    Hugs og trykk på save settings opp til høgre på Tilgin sida når du er ferdig med endringane dine. Dersom ein ikkje lagrar så vert endringar sletta ved neste omstart av modem.


    Kristoffer Kundekonsulent
    Beste svar

  • "Skriv inn den lokale IP adressa til modemet ditt som er 192.168.80.1 i nettlesaren din.
    Logg inn med:
    Brukarnamn: admin
    Passord: admin"
    ---------------------------

    Kor er sikkerheiten her ??
    Kan ken so helst ta over modemet ditt ??
    Godt eg har disabla den trådlause delen av routeren og skaffa meg ein
    annan.
    TP.link mesh er super og har 3 basar wireless som kan plasserast rundt om
    i heimen....
    Ove
  • Hei Ove. Det er kun folk som er tilkopla heimenettet ditt som kan nå modemet med den IP adressa. Det er ei lokal ipadresse som ikkje går ut mot verden.
    Kristoffer Kundekonsulent

Kommenter eller skriv et nytt innlegg

Navnet ditt og innlegget er synleg for alle. E-postadressa di vises aldri offentlig.