Dette innlegget er gammelt og kan inneholde feil informasjon.

Korleis bør eg plassere forsterkarane mine?

Plasser forsterkarane nær utkanten av dekningsområdet til ruteren.
Eit tips er å ikkje plassere dei heilt i utkanten, finn ein eigna stad der trådlaus (WiFi) signala framleis er gode.

Eit anna tips er å eksperimentere med ulike plasseringar. Sjekk hastigheita ved å plassere forsterkarane i ulike rom. Ofte er det berre små justeringar som skal til før heimen er fylt opp med fart og moro!

Trådlause nettsignal vert svekka over større avstandar. Om signala i tillegg må gjennom vegger eller golv vert det vanskeleg å halda signala sterke.

Her er nokre av dei mest vanlege fartsbremsane i Sogn:

  • Golv med varmekablar eller vannbåren varme
  • Golv og vegger av betong eller murstein
  • Peis og pipeløp
Om ein framleis slit med dårleg dekning kan nokre av signaltjuvane vere anna elektronikk. Eksperiementèr med å slå av elektronisk utstyr for å lokalisere kvar tjuven gøymer seg! Når du har funne tjuven er det berre å flytta på han, eller forsterkaren.
Sognenett Sognenett

Kommenter eller skriv et nytt innlegg

Navnet ditt og innlegget er synleg for alle. E-postadressa di vises aldri offentlig.