Dette innlegget er gammelt og kan inneholde feil informasjon.

Kvar kan eg sjekke at eg får hastigheita eg har bestilt?

Heihei,
Om du vil sjekke at du får rett hastigheit inn til deg, må du sjekke dette med ein PC som har kabla forbindelse med router.

Før du sjekkar:
  1. Deaktiver trådlaust nett på eininga di.
  2. Hugs å ha PC kopla til straumladar for å unngå feilaktige målingar.
  3. Er nettverkskortet på PC'en din oppdatert?
  4. Støttar nettverkskortet på PC'en den hastigheita du ventar å måle?
  5. Dobbeltsjekk at nettverkskabel er uskadd og ikkje ligg i klem. 
  6. Lukk alle åpne program på PC.

No er du klar for å måle!
Benytt gjerne Nperf si nettside for hastigheitsmåling

Fekk du ikkje hastigheita du forventa?
  1. Restart routeren din. Då kan du godt køyre omstart på PC i same slengen.
  2. Prøv igjen.
Om du framleis ikkje er nøgd, ta kontakt med oss så skal me sjekke ut saka for deg!
Sognenett Sognenett

Kommenter eller skriv et nytt innlegg

Navnet ditt og innlegget er synleg for alle. E-postadressa di vises aldri offentlig.